Denne plata startar på ein heilt fortreffeleg måte. Eit deilig og rolig lydbilete med enkle rytmar legg seg godt kring deg, før ei eksepsjonelt god og groovy basslinje inviterar deg inn. Lydane i byrjinga er det Davide Rossi som står for, med sin elektriske fiolin (forøvrig eit lydlandskap ein høyrer mykje av på heile dette albumet).
Bassen spelast av Kato Ådland, og han spel skummelt bra til å vere så ukjend. Riffet er krevjande rytmisk og har nokre fills som er vakre og ganske virtuose! Sporet eg snakkar om er sjølvsagt Röyksopp Forever, som får æra av å starte vinylutgaven av denne plata.
Med denne deilige bassen og det flotte strykearrangementet får Röyksopp ganske gode vilkår til å boltre seg. Dei legg på nydelege synthklangar som rett og slett snakkar med bassen. Dei bryt det ned eit par hakk, mens grooven ligg der heile tida, og sleng like greit inn eit sample av låten "Suite For My Lady" av Skylark. Det er nesten som Röyksopp har bygd heile låten kring dette samplet.
Hemmelig oppskrift på fantastisk lyd!
Og det er berre byrjinga! Denne plata har godbit etter godbit. Neste låt er Vision One, som har ein synthlyd som er så fantastisk at Röyksopp sjølv held det hemmelig. (denne lyden er også med i Happy Up Here). Ein slags treaktig knirkesynth.
I eit svensk intervju med bandet omtalar dei denne lyden slik:
"– Jag vet vad du menar men det är en teknik som jag inte tänker avslöja, säger Torbjörn Brundtland, ena halvan av Röyksopp. Vi har utvecklat tekniken själva och tänker utveckla den mer innan vi avslöjar vad det är.
Vi får reda på så mycket som att det inte är ett analogt ljud och att det inte är en mjukvarusynt. Ljudet är skapat i en process i datorn."
Låtlista på vinylen er følgjande:
A:
Röyksopp Forever
Vision One
Miss It So Much
B:
Tricky Tricky
Happy Up Here
The Girl and The Robot
C:
This Must Be It
Silver Cruiser
True To Life
D:
It's What I Want
You Don't Have a Clue
Sampling
Rekkjefølgen er annleis på vinyl enn på CD/digitale versjonar. Det kan hende dette er gjort av tidshensyn, men eg har ein mistanke om at det er meir gjennomtenkt enn som så. I mitt hode er denne rekkefølgjen betre enn den "offisielle". CDen startar med Happy Up Here, som er eit ganske spesiell sang. Eg tykkjer det er betre på vinylen, kor ein får "forberedt" seg litt meir før denne låten kjem.
Og kva er greia med denne låten? Den skil seg veldig ut, både frå det Röyksopp har gjort før, og frå ganske mykje musikk generelt. Eg trur litt av svaret på kvifor Happy Up Here er så "merkeleg", er at det riffet som går gjennom heile låta er eit sample frå ein intro til ein låt av Parliament, låten "Do That Stuff". Nok ein gong viser Röyksopp kor flinke dei er på å byggje ein låt rundt eit sample.
Det er altså ikkje Röyksopp som har funne på dei kanskje kulaste delane i nokre av dei kulaste låtane sine! Er det då ein bløff? Men så høyrer eg litt meir på dei låtane dei har sampla frå og desse songane er ikkje i nærleiken av Röyksopps låtar.
Det er nemlig ikkje eit cover, det er ikkje eit forsøk på å vere t.d. Skylark eller Parliament. Det handlar meir om gjenbruk av ein god ide. Ein ide som kanskje ikkje fekk så mykje merksemd i originalen, men som Röyksopp vel å byggje ein heil låt kring.
Det er altså ikkje Röyksopp som har funne på dei kanskje kulaste delane i nokre av dei kulaste låtane sine! Er det då ein bløff? Men så høyrer eg litt meir på dei låtane dei har sampla frå og desse songane er ikkje i nærleiken av Röyksopps låtar.
Det er nemlig ikkje eit cover, det er ikkje eit forsøk på å vere t.d. Skylark eller Parliament. Det handlar meir om gjenbruk av ein god ide. Ein ide som kanskje ikkje fekk så mykje merksemd i originalen, men som Röyksopp vel å byggje ein heil låt kring.
Vokalistane
Dette er også mykje av det same Röyksopp har fokus på når dei arbeider med vokalister, som dei verkeleg har gjort på denne plata. Dei seier sjølv i det same svenske intervjuet som over at dei alltid jobbar saman med vokalistane i studio, og byggjer opp låtane som eit samarbeid. Dei referar også til ein litt omvendt måte å arbeide på:
"– Med Robyn hade vi bara en ackordföljd som spelades av stråkar och sedan jobbade vi tillsammans i studion med att hitta en melodi och en text till stråkpartiet. När det var klart tog vi bort alla stråkar och gjorde låten elektronisk i stället. Jag tror inte det är så vanligt att man har riktiga stråkar och sedan gör låten elektroniskt. Det är nog vanligare att gå andra vägen."Röyksopp har på denne plata altså med seg Robyn (sv), og også dei svenske songarene Karin Dreijer Andersson og Lykke Li og den norske songaren Anneli Drecker. Fleire av desse har dei jobba med før, og dei har alle særegne trekk som gjer seg godt saman med Röyksopp.
"Den fjärde sångerskan på Junior är norska Anneli Drecker som även sjöng och var medkompositör till Sparks på debutalbumet Melody A.M. Annelis röst är mer formbar och hon används mer som ett instrument i arsenalen och känns lite som halvvägs medlem i Röyksopp. "Kjelde: http://studio.idg.se/2.1078/1.228079/royksopp-narmar-sig-popen
Konklusjon
Konklusjonen min er at dette må vere det beste albumet Röyksopp har laga! Det er mykje meir "pop" enn dei andre platene (t.d. er den lengste låta knappe 6min, og det er berre to instrumentalar), men det er gjennomførd pop. Det er ingen skam å lage popmusikk, om det er god popmusikk! Det beste eksemplet ein har på det, er jo The Beatles.
Og i likhet med The Beatles sin musikk framstår dette som ei veldig godt planlagt plate, der ingenting er tilfeldig. Dei har system i galskapen sin, og musikken er ekstremt groovy! Sjølv om dette betyr at Röyksopp eksperimenterar mindre på denne plata enn på t.d. Melody A.M. så viser dei likevel kva dei kan. Dei reindyrkar synthbruken sin meir på denne plata, og det lykkast dei med.
Har du Spotify?
Har du Spotify kan du sjølvsagt høyre denne plata der. Eg har også laga ei speleliste med musikk frå tre av Röyksopps fire album (eg er ikkje så glad i det nyaste): Röyksopp Forever (selected)
For dei som er litt meir eksperimentelle i musikken har eg også laga ei speleliste der eg alternerar mellom Black Sabbath og Röyksopp, noko eg tykkjer gir ein tilfredsstillande effekt: Sabbathsopp

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar