fredag 20. februar 2009

Inaktivitet

Inaktiv blogg?

Bloggen min er veldig inaktiv for tida, men eg skal smått byrje å skrive nye ting her.

Vinylprosjekt to har forresten ikkje gått noko særleg vidare, siden eg har hatt andre syslar, men LPane ligg no her, stabla i ein høg stabel.

Eg kjem til å skrive nytt innlegg seinare i dag, eller i løpet av helga. I mellomtida syns eg du skal sjekke ut bloggen til ein av mine beste vener, Bjørnar: http://moehoe.blogg.no/
Dette er ein userriøs humorblogg som parodierer mange andre bloggar på verdsveven.

Les alt

torsdag 15. januar 2009

Reggae på vinyl!

Etter starten med Stanley Clarke i går, fann eg ei plate med ein artist eg hadde såvidt høyrt om. Eg plukka opp debutskiva til Curtis Mayfield, "Curtis". Den var utroleg kul og ekstremt funky, den inneheld også ein av historiens mest sampla låtar, "Move On Up".

Etter Mayfield tenkte eg at no skulle eg sette på noko eg aldri har høyrt om. Eg dro opp ei tilfeldig plate som sa Steel Pulse på coveret. Allereie før eg satt den på, skjønte eg at dette var reggae. Det viste seg at det faktisk var eit britisk band, og eg likte det!

Dei fleste kjenn sikkert til reggae gjennom musikken til Bob Marley & The Wailers, ein artist og eit band eg er veldig fan av. Ein viktig del av reggae-musikk er rytme. Eg er veldig glad i rytme, spesielt i komplekse eller interessante rytmar, det er nok mykje av grunnen til at eg er så glad i reggae.

Steel Pulse satt meg jo sjølvsagt i eit skikkeleg reggae-humør, og etter den var eg snar å finne "Exodus" av Bob sjølv, den treng eg eigentleg ikkje si noko om, det er berre heilt ubeskriveleg!

Eg endte på fire platar i går, og det er jo mykje mindre om dagen enn sist eg hadde vinylprosjekt, men eg skriv i det minste meir om dei no.
I dag har eg snart høyrt tre.

Men tilbake til reggae: I dag var Stian (musikknerden) vikar for oss i Engelsk, og i dag skulle vi jo selvfølgelig ha om Jamaica! Han var misnøgd med at det sto så lite om reggae i boka vår, at han holdt eit foredrag for oss om reggae og ska si utvikling i timen. Det var uhyre interessant og når eg kom heim igjen måtte eg jo sjå om eg fann meir reggae i bunken.

Då fann eg Dread Zeppelin sitt andre album. Dread Zeppelin er (som du kanskje ser frå namnet) eit tributeband til Led Zeppelin som covrar musikken i reggae-stil. Som om ikkje det er spesielt nok, så er vokalisten ein Elvis-impersonator og ein ender opp med ein merkelig miks. Men KULT er det! Robert Plant har til og med sagt det er hans favoritt-tributeband til Led Zep.

Siden det har vært på teaterøving og høyrt "Goats Head Soup" av the Rolling Stones (faktisk, spilt inn i Kingston, Jamaica!) og no høyrer eg på Funkadelic, meir om det seinare.

Men nok blogg for no, eg har samfunnsfagprøve om politikk i morgon, og den må lesast til! =)

God natt.
Les alt

onsdag 14. januar 2009

Blogg også i 2009!

"Du må oppdatere bloggen din!"

Dette har eg fått høyrt eitt par gongar i det siste. For som du sikkert har merka, har det ikkje skjedd noko her siden før jul. Det er ganske enkelt av di eg ikkje følte at det sto noko nyttig på bloggen min, og at eg heller skulle vente med å skrive noko til eg hadde noko betre å skrive om.

Eigentleg har eg vel ikkje så mykje å skrive om no heller, eg kan jo seie at eg har hatt ei super jul og ein flott ferie og at det også er litt godt å vere tilbake på skulen, på ein måte.

For snart ei veke siden vart Nesna SU endeleg starta, dette er noko eg har ynskja lenge, men ikkje fått gjort noko med før no. SU er på verveturne i Nordland, og eg fekk dei hit. (: I grunn kan ein vel kalle det ein suksess, vi har no eit flott lokallag med 5 medlemmar, derav skal fire av oss til Oslo på vinterleir og konferanse neste helg, ein bra start for eit lokallag!

Vi arrangerte også ein aksjon i full fart, ei fredsmarkering til støtte for dei som er ramma av krigen i Gaza. Det kom i overkant av 50 frammøtte og det var godt å sjå at også vi Nesnaværingar bryr oss!

Starten av Nesna SU vart dessuten dekka av både Helgelands Blad og Rana Blad, og aksjonen vår fekk ei halvside i Helgelands Blad. Eg syns det er flott å få slik pressedekning og eg håpar dette kan hjelpe oss når vi skal begynne å jobbe med viktige sakar for ungdom her på Helgeland!

Litt av grunnen til at eg skriv i bloggen no, er at Nesna SU er starta, men det var også ein anna grunn (for det kunne eg jo skrive for ei veke siden). Eg sa vel noko om at eg ikkje skulle skrive meir om vinyl på ei stund, når eg var ferdig med "det store vinylprosjektet". Vel, det endte jo i at eg skreiv ingenting, berre for at eg no skal skrive meir om vinyl!

Med dette lanserer eg altså vinylprosjekt del 2! Sist var det mi eigen vinylsamling som sto i fokus, no er det kun lånt vinyl.

Long story long: Stian Nebb, ein ven av meg, og lærar på skulen min, leste faktisk bloggen min. Han er også veldig musikkinteressert og har ei veldig stor platesamling. Eg prata med han om vinyl heilt tilfeldig, og dagen etter får eg beskjeden: "Æ har to posa full av vinyl på kontore"

Så, no har eg lånt to fulle bæreposar vinyl av Stian (til høgre). Eg har i grunn ikkje anna val enn å starte eit vinylprosjekt igjen...

Stanley Clarke - Modern Man (øverst i bunken)
Ei flott plate frå 1978 av ein av verdas beste bassistar, og også den fyrste plata i vinylprosjekt 2.

Takk Stian!

(bloggen til Stian finn du på http://nebbstar.blogspot.com/)

Les alt

søndag 21. desember 2008

Vinyl: oppsummering

God kveld! No har eg brukt ei veke på å høyre igjennom heile vinylsamlinga mi, og no kjem det ei oppsummering:

Eg har:
35 album/43,5 LPar (eg har seks doble og eit som er 2,5)
2 EPar
12 singlar

I tillegg hadde eg 3 album med til sammen 8 LPar i, til lån.
Det var:
Big Brother & The Holding Company - Cheap Thrills
The Who - Quadrophenia (2LP)
Bruce Springsteen - Live/1975-85 (5LP)
Eg noterte alt eg høyrte på kvar dag. Noko som står f.eks. under den 20. kan vere høyrt på den 21. men eg har rekna dagane frå eg står opp til eg legg meg. (Eg var våken til litt over 3 den 21.)

Her er den komplette lista, medrekna det eg har lånt:


14.desember:
Flash & The Pan - Flash & The Pan (1979)

Donald Fagen - The Nightfly (1982)

Warner Bros Presents... Montrose (1975)

Emerson, Lake & Palmer - Tarkus (1971)

Jethro Tull - Thick As A Brick (1972)

Big Brother & The Holding Company - Cheap Thrills (1968)

Introducing The Hardline according to Terence Trent D'Arby (1987)

Baby Grand - Baby Grand (1977)


15.desember:
David Clayton-Thomas - Clayton (1978)

The Doors - L.A. Woman (1971)

Al Di Meola, Santana, George Duke, Return To Forever, Shakti, Herbie Hancock,
Weather Report, Wayne Shorter, Jaco Pastorius, Jeff Beck - Progressive Rock Stars (1977)

Blood, Sweat & Tears - Greatest hits (1972)

Sade - Stronger than pride (1988)


16.desember:
10cc - How Dare You? (1975)

Queen - News Of The World (1977)

Steely Dan - The Royal Scam (1976)

Morrissey - Viva Hate (1988)

Bruce Springsteen - Born To Run (1975)

Pink Floyd - Meddle (1971)


17.desember:
Deep Purple - Made In Japan (2LP) (1972)

Led Zeppelin - The Song Remains The Same (2LP) (1976)

Deep Purple - Fireball (1971)

Led Zeppelin - The Rising Of The Zeppelin (bootleg innspeling: Fillmore West, San Francisco, April 24th, 1969) (releasedato ukjent)


18.desember
Frankie Goes To Hollywood - Welcome To The Pleasuredome (2LP) (1984)

Elvis Costello - This Years Model (1978)

Simply Red - Picture Book (1985)

The Rutles - The Rutles (1978)

The Beatles - Sgt. Peppers Lonely Hearts Club Band (1967)

Led Zeppelin - Coda (1982)

Led Zeppelin - In Through The Out Door (1979)


19.desember
The Who - Quadrophenia (2LP) (1973)

Bruce Springsteen - Live/1975-85 (3,5LP) (1986)


20.desember
Bruce Springsteen - Live/1975-85 (1,5LP) (1986)

Wilco - Sky Blue Sky (2LP) (2007)

Motorpsycho - Phanerothyme (2001)

The Mars Volta - Frances The Mute (2,5LP) (2005)

The Mars Volta - Amputechture (2LP) (2006)

The Mars Volta - The Bedlam In Goliath (2LP) (2008)

The Mars Volta - Mr. Muggs (singel) (2008)

Rank Strangers - Early Mornin' Rain/Fly On The Baby's Nose (singel) (1970)

Joël Daydé - Mamy Blue/Great Love (singel) (1971)

Peter Holm - Monia/My Prayer (singel) (1968)

Björn & Benny, Agnetha & Frida - Ring Ring/She's My Kind of Girl (singel) (1973)

Middle Of The Road - Sacramento/Love Sweet Love (singel) (1972)

Ocean - Put Your Hand In The Hand/Tear Down The Fences (singel) (1971)

Stein Ingebrigtsen & Store Stå - Storholt, Stensen, Stenshjemmet og Sjøbrend åsså'n Hjallis/Råtne Roger (singel) (1977)


21.desember
Bob Guy, Baby Ray & The Ferns, The Heartbreakers, Paul Buff, The Pauls, Bob Guy (Frank Zappa) - How's Your Bird (EP) (1998)

Sebastian Fors & The Ones Who Got Away - These Songs Are About You (EP) (2008)

Ida Maria - Oh My God/We're All Going To Hell (singel) (2007)

Ida Maria - Drive Away My Heart Tonight/Leave Me, Let Me Go (singel) (2007)

Ida Maria - Queen Of The World/Everybody's Always Alone/Stella (singel) (2008)

SynKoke - There Is A Sound In The Back Wheel Jamfør Læreplan 97/I Egypt Hadde Guden For Lærdom Hovud Som Ei Ape (singel) (2008)

Tracy Chapman - Tracy Chapman (1988)

Eg tar sjølvsagt forbehald om skrivefeil og små faktafeil.

No som eg har høyrt alt vil eg påstå at eg har ei relativt bra samling, om ein ser bort frå Monia av Peter Holm, og eit par andre singlar som ikkje er verdt papiret dei ligg i ein gong.

Eg vil også nemne at dette er det eg har samla siden sumaren 2007, og eg har ikkje hatt så veldig mange høve til å kjøpe vinyl.

Vinylen min er kjøpt i:
Stockholm
Oslo
Berlin
London
Bodø
Trondheim
Nesna (dei gamle singlane)

Dei aller fleste er kjøpt på Mosebacke Records i Stockholm, ein butikk eg anbefalar på det varmaste. Andre butikkar som er verdt turen er: Big Dipper og Råkk & Rålls i Oslo, Platekompaniet i Trondheim og Schönhauser Music i Berlin.

Les alt

Kvit jul? Kontrabass!

Hm, no skal eg skrive for to dagar, for eg fant ut eg skreiv for mykje svada, kanskje blir det ikkje betre no, men får se. Som du sikkert skjønar er blogging framleis noko nytt for meg.

I går var eg på Mo og handla inn litt julegåver, eg fekk også ny dress! Det var koseleg med ein bytur, og bra å komme i rute med innkjøpa til jul.

Siden eg kom heim frå Mo i går, har eg fått høyrt mykje på vinyl, så mykje at eg no høyrar på den siste LPen i samlinga mi! I morgon skal eg høyre gjennom EP'ane og singlane, så skal eg komme med den komplette lista over samlinga mi.

I dag har eg hatt ein super dag, i grunn. Har rydda enda litt til i huset (til jul) og vi har fått juletre som står utfor. Det eg nemnte med veret har tatt ein bråsving, og frå å vere Noregs grønnaste stad har Nesna fått postkortliknande julestemning (det er kvitt uansett kor du snur deg, og det har snødd i heile dag. Det ser eg på som særs positivt, siden vi ikkje har hatt kvit jul på fleire år no. Eg trur stormen fekk meg i dårlegare humør, men på samme vis gjorde snyen meg i godt humør igjen!

Elles har dette vært ein særs avslappande dag, og eg har gjort lite anna enn å høyre på vinyl.
Men i kveld kom pappa heim frå eit langt opphold på Mo, og då hadde han med seg ein kontrabass han lånar frå Nordland Teater. Den fekk eg prøvespelt litt, og det var ekstremt kult. Eg har lite erfaring med dette instrumentet, men håpar eg får prøvd litt meir no i jula.

Elles vil eg seie takk til alle som har vært snille nok og lest på bloggen min, og eg vil framleis love at det vil bli betre innhald her i framtida. Og siden eg plutselig er proppfull av julestemning, så ynskjer eg alle ei god førjulstid. =)

Les alt

fredag 19. desember 2008

F E R I E !

Ja, no har eg offisielt juleferie, sjølv om eg følte eg hadde det allereie på tysdag (siste tentamen var på måndag). I dag har eg vert på skulen i eit par timar, det var juleavslutning. Vi fekk sjå 2 filmar og eit skodespel frå 3.kl, drakk gløgg, åt graut og til slutt hadde vi gang rundt juletreet for å avslutte 2008 på KVN, og eg er veldig fornøgd med vidaregåande så langt!

Etter skola var det sjølvsagt vinyl på programmet, og når mamma kom heim frå juleavslutninga gikk vi i gang med litt julerydding. Så vi høyrte på musikk mens vi rydda tre kjøkkenskap heilt tomme, pluss at eg har fått rydda ein del på rommet mitt.

Etter nokon vinylar til fekk eg ein telefon frå Runa, for vi hadde avtalt filmkveld. Hos Runa såg eg ein heilt grei film, "The Pacifier" der Vin Diesel prøvar seg som barnevakt.
Etterpå storkoste vi oss med "Late Show", alltid like morosamt!

Men no er det kveld, og eg seier god natt! Og ja! Når eg no er ferdig med In Through The Outdoor, har eg antagelig høyrt alt eg har av brukte LPar. Det er ein liten milepæl i seg sjølv!
Les alt

onsdag 17. desember 2008

Hard rock 1969 - 1973

Siden eg er keisam skal eg skrive litt om veret. Det har seg nemlig slik at vi har hatt fantastisk vinterver lenge no, men på berre to dagar med storm har 30cm sny regna bort, og alt som var veger er blitt livsfarlege terrengskøytebanar.
Med andre ord er endeleg juleveret på plass.

I dag har eg hatt fridag, med andre ord har eg gjort minimalt. Eg var faktisk på skulen ein liten tur, men det var berre for å prate sjit og øve til juleavslutninga i morgon, kor eg skal spele bass til julesongar saman med eit lite orkester.

Etter den lille turen ute av huset har dagen stort sett vert dominert av Led Zeppelin og Deep Purple. Made in Japan, The Song Remains The Same, Fireball og The Rising of The Zeppelin. Alt på vinyl, den siste er rød og gjennomsiktig.
Summen av LPar etter desse 4 dagana er 23, eller 25 om ein reknar begge platene i eit dobbeltalbum.

Det mest interessante som skjedde idag var ein tur på kino, eg har endelig fått sett den nyaste James Bond-filmen. Og sjølv om det stortsett berre var action og nesten ikkje handling i det heile, så likte eg den. Men den kan sjølvsagt ikkje målast med dei gamle klassikerane.

God natt! =)
Les alt